For å senda ei melding, opne ein snap, eller sjekke om ein har fått nye hjarte på Instagram. Det kan vere mange grunnar til at ein plukkar opp mobiltelefonen. Men er det nødvendig? Om vi fortsette slik vi gjer no, ender alle opp som skjermzombiar!

Sosiale medium manipulerar deg. Du må berre sjekka noko, du må berre sjekke om det er noko nytt. Berre han ligg framfor deg, avslått, ingen lys. Det er ikkje teikn på at nokon prøva å få tak i deg men skulle du kanskje sjekka likevel? Det hjernen di er mest redd for er å ikkje vera ein del av flokken, me brukar sosiale medium som eit døme. Når ein får stadfesta at ein er ein del av gjengen, som om når du får ei melding eller nye likes, eller kanskje nokon kommenterte på bilete ditt. Da blir hjernen din ovleg glad og sender ut masse lykkehormon, betre kjend som dopamin. Lykkekjenslene varar eit lite augeblikk, så går det over. Og kva gjer ein då? Jo, ein vil ha endå meir. Snart blir det ein avhengnad.

Sosiale medium kan påverke fleire ting, søvnkvalitet og døgnrytme, psykisk helse, konsentrasjon og dette er berre nokre av dei. Gutar og jenter har litt forskjellig påverknad av sosiale medium. Gutar teke til seg reaksjonar som frustrasjon, aggresjon og konsentrasjons vanskar frå det sosiale medium og nettspel. Jenter derimot reporterar at dei får symptom på depresjon, angst, minka sjølvbilde og kroppspress. Om ein minskar mobilbruken og bruken av sosiale medium, kan desse tinga bli betre. Søvnkvaliteten og døgnrytmen, konsentrasjonen og alt presset frå internett kan bli betre. Tenk det! Et liv utan scrolling!

I 2000 var på dei mellom 25–44 år på internett gjennomsnittleg 23 minutt i løpet av ein dag. I 2018 hadde gjennomsnittet stege til 3 timar og 31 minuttar. Eg meina at detta er heit sinnssjukt, kan vi ikkje for eig gong skyld legge vekk mobilane og leve litt, les ei god bok eller dra på besøk hos ein venn. Hjernecellene dine døyr litt og litt, kvart sekund ein ser på skjermen, det verka som om at ingen bryr seg, som at alle berre ignorerer det.

Ein blir jo ikkje berre påverka negativt, sosiale medium kan vere positivt også. Sosiale medium kan skape vennskap og semje. Vennskap blir sterkare og kommunikasjonen blir enklare, men mesteparten av tida bringar det berre negativivitet. Det er jo ikkje slik at det blir betre med åra heller! Er det ikkje på tide å gjere noko snart?

Eg meinar at det blir for dumt, skal vi berre sitte på telefonen dag inn og dag ut å la det skje? Kvar reklame og kvar TikTok-video, hjernecellene dine døyr, ein etter ein. Om ein skal halde på slik kjem vi til å ende opp som skjermzombiar.