Eg går sjølv på ungdomsskulen og kjenner att det kan vere vanskeleg å fokusere så tidleg på morgonen. For att ein ungdom skal komme seg på skulen tidsnok og få nok søvn må dei legge seg mellom 9 og 11. Mange har og trening til klokka 11, så for nokre er det heilt umogleg å få nok søvn.

Det er masse forsking og studiar på att søvn og både psykisk og fysisk helse heng tett saman. Er du for lite aktiv får du problem med og sovne, om du har psykiske plagar kan du slite med å sovne, om du ikkje søv nok klarer du ikkje prestere fysisk og har lettar for å få psykiske plagar. John Axelsson, professor i søvnvitskap ved Stockholms universitet seier til Forskning.no at det finst tydeleg vitskapeleg grunnlag for at seinare skolestart-tider hjelper mange ungdommar.

Ein norsk skule har prøvd å starte klokka 09.30 på måndagar og 08.30 resten. Då viser det att dei fekk betre skår på reaksjonstest og betre humør på måndagane enn på fredag. For mange av ungdommar er det heilt umogleg å få den søvnen dei eigentleg skal ha. Mange har gjerne trening til klokka 11 og kjem seg ikkje i senga før ho er nærmare 12. Om skulen hadde starta ein time seinare hadde du gått frå å ha maks sju timar med søvn til åtte timar, som er innafor den anbefalte tida for ein 13–16 åring.

I Seattle i USA gjorde dei noko av det same for nokon år sidan, då starta førstetimen ein time seinare enn vanleg. Då såg forskarane att ungdommen så klart var meir opplagt, men her og presterte ungdommen betre i skule. Dei såg og att dei blei hyggelegare, stillare og meir fokusert og også fråværet gjekk ned. Om skulen skulla ha starta seinare må den og ha slutta seinare, men ungdommen er betre førebudd til skule i 2–3 tida enn i 8–9 tida. Dessutan er det også gratis å forskyve skuledagen med ein time.

I gjennomsnitt søv ungdommen 6,5 timar i kvardagen, noko som er ca. 2 timar under den anbefalte søvn mengda. I puberteten forskyver ein døgnrytmen litt, og ein ungdom kan vere lys våken rundt midnatt og derfor slite å stå opp så tidleg.

Å be ein ungdom vere våken og kvikk klokka 7.30 er som å be ein voksen vere våken og kvikk 5.30,» seier Horacio de la Iglesia ved University of Washington til Forskning.no. Tenk om du skulla ha stått opp 5.30 og vere klar til å løyse vanskelege mattestykke, ha gym og bli forventa å ta imot tungt stoff.