Om det er fordi politikarane ønskjer grøn energi, oppfattar eg i så fall at dei har bomma ganske mykje. Det er ikkje berre ei meining eg har, men et faktum at det finst andre løysingar på energispørsmålet som er betre, for eksempel kjernekraft. Det finst faktisk store mengder av thorium i Norge, som er eit grunnstoff som kan brukast nettopp i kjernekraft. Problemet ligg, som det ofte gjer, ved pengar og meiningar!

Solcelle- og vindturbinteknologi er i konstant utvikling. Stadig blir det funne opp betre materiale eller meir effektive metodar, og det er flott, men Norge kan satse på noko som det er betydeleg mindre konkurranse og strid om, thoriumreaktorar.

Politikarar snakkar om kostnader og skaderisiko, men den overraskande statistikken er at kjernekraft til dags dato har produsert færre skader og dødsfall enn både vasskraft, vindkraft og solenergi. I tillegg kan prosessane kontrollerast langt betre sidan ein ikkje er avhengig av verken vind eller sol.

Viss ein ser på energi produsert per kilowatt, oppdagar ein altså at kjernekraft er tryggare enn til og med solenergi. Spesielt er dette tilfellet i thoriumreaktorar. Dette er det fleire grunnar til: radium, i motsetning til konvensjonelt uran, kan vinnast att og brukast på nytt i mykje større grad. Dermed gir det betydeleg mindre radioaktivt avfall.

Thoriumreaktorar opererer med lågare trykk og lågare temperaturar enn andre reaktorar, noko som dermed reduserer betydeleg på sjansane for «kjernefysiske eksplosjonar», som gjerne er den store skrekken i denne samanhengen. Thoriumreaktorar har også betre «termiske eigenskapar», som betyr at dei ikkje blir overoppheta like lett som andre reaktortypar, som igjen gjer ei kjernefysisk ulukke endå mindre sannsynleg.

Kjernekraftverk har sine ulemper. Politikarar har eit poeng når dei seier det er ei stor investering å starte med ei satsing på thoriumreaktorar. Mest sannsynleg ville det på grunn av nødvendig forsking, sikkerheitsstandardar, infrastruktur og ressursutvinninga koste mange milliardar kroner.

Argumenta som derimot kanskje kan kompensere for desse utfordringane er for det første den langsiktige vinninga med stabil berekraftig energi. For det andre vil Norge bli sett på som eit føregangsland innan endå ein sektor. Dessutan har vi jo faktisk ressursane til det.