Symjehallen i Sykkylven har vore i drift i meir enn 40 år no. Dette er ein rein nostalgi for mange, både yngre og eldre. Eg har vore ein aktiv deltakar sidan eg var knapt seks år.

Eg har både sumt som idrettsutøvar, leika med vennane mine og no har eg ende opp som ein instruktør. Problemet er klart og tydeleg: Symjehallen når ikkje behova i Sykkylven lenger.

12,5 meter er ikkje klassifisert eingong.

Som instruktør, har eg og mine kollegaer eit ansvar å følgje opp. Dette ansvaret blir stadig vanskelegare dess eldre symjehallen er. Vi jobbar i lag og har eit godt og beundringsverdig forhold. Alle mine kollegaer meiner vi burde ha ein ny symjehall, og det er mange ulike faktorar som må dekkast. Bassenget har eit ufyseleg dårleg oppvarmingssystem.

Kvar laurdag er det noko som heiter «flyktningsymjing» i bassenget, eit flott tiltak kommunen sette der flyktningar som kjem til Sykkylven får bade gratis. Kvar einaste laurdag kranglar vi instruktørar om kven som skal vere i vatnet, fordi bassenget har bikka 25 – 26 °C. Dette er altfor kaldt.

Vi brukar til og med å seie at vi skal på do, men eigentleg går vi og dusjar oss med varmt vatn. Ein gong skulle eg ta meg ei slik dopause, eg gjekk i garderoben, og det eg såg var tre instruktørar som har sittepause i dusjen. Kanskje om vi hadde hatt eit nytt basseng hadde instruktørar heller blitt verande i bassenget med barna enn å gå i dusjen.

Faktor nummer to er lengda på bassenget. No snakkar eg som ein symjar til alle symjarar der ute. Eit basseng burde vere minst 25 meter langt slik ein kan symje jamt og sleppe å vende seg så mange gongar. Vi i Sykkylven har eit basseng på 12,5 meter. Å symje i eit slikt basseng er verre enn å vakne opp ein søndagsmorgon.

Symjarane vender ved bruk av ein salto, og i eit 12,5 meters basseng vender mnn dobbelt så mykje som i eit vanleg basseng. Ein slik salto bruker både unødvendig energi som kan bli brukt til å symje, og du mista konsentrasjonen.

Ifølgje Snl.no er 50 meters basseng ei lang bane, mens 25 er ei kort bane, 12,5 meter er ikkje klassifisert eingong. Ifølgje Sykkylven kommune sine nettstader er Sykkylven symjehall drifta av kommunen, men det er SIL symjeklubb som vektar på den, det er mange talentfulle symjarar som symjar i det, og vi har rett og slett behov for eit lengre basseng for å bli betre.

Bassenget vårt er ein plass alle i Sykkylven kjenner til, og mest sannsynleg har vore i. Vi er ei lita bygd med mange dyktige og gode symjarar. Eg kjenner personleg alle symjarane i den beste gruppa, og der har vi stort potensiale for å bli gode symjarar. Vi treng ein ny symjehall, kommunen må akseptere det.