Det er viktig at Ålesund kommune vel å satse på kulturtilbod og arrangement for dei yngre i dagens samfunn. Dette fører til meir samhald og ikkje minst så får folk frå ulike delar av kommunen/fylket møtast på ein felles samlestad.

I 2017 blei «Spire» starta i eit samarbeid med «Ung i Ålesund» og Ålesund kommune. Grunna korona i 2020 vart det eit stopp i den kulturelle aktiviteten, men no er aktiviteten oppe å går for fullt igjen.

Spire arrangera konsertar og arrangement for ungdom under 18 år. Dei har eit ønske om at Ålesunds ungdom skal få oppleve konsertar med store artistar på lik linje med dei vaksne. Dette synest eg er eit fint tiltak. Dei har sett seg eit felles mål om å halde tre arrangement på hausten og tre arrangement på våren. Denne hausten har det gått over og det skal arrangerast til saman fem arrangement berre i oktober! På desse arrangementa var både Undergrunn og Sigrid aktuelle artistar.

I starten av oktober slapp Momentium nyheita om at det i 2024 skal arrangerast eige Jugend arrangement for ungdom under 18, i samarbeid med Spire. Denne nyheita kom som eit nederlag for dei fleste under 18 år, men eg har forståing for at Momentium måtte ta ansvar og gjere festivalen tryggare for dei yngste.

– Alkohol og mindreårige er en utfordrande kombinasjon, og vanskelig å følge opp 100 prosent på et så stort arrangement. Men ved å gi ungdom under 18 sin egen festival, føler vi at vi tar ansvar, sa Ante Giskeødegård i Momentium til Sunnmørsposten.

Alkohol og mindreårige ungdom på same arrangement øker risikoen for uønskte hendingar. Når arrangementet vert oppdelt vil det kunne føre til positiv endring då rammene vert mykje tryggare for dei yngste, og arrangementet vil med det enklare kunne haldast rusfritt. Det nye konseptet kan uansett opplevast frustrerande for enkelte, spesielt for dei som er fødd seint på året eller dei som har eldre vennar.

Eg håper på at kommunen kan fortsette å satse på kulturtilbod til ungdom under 18 framover. Musikkopplevingar til ungdom burde bli prioritert på lik linje som tilboda for dei vaksne. Dagens ungdom har behov for fleire felles opplevingar og arrangement i lag, dette er særleg viktig no etter den isolerande korona-nedstenginga som ramma oss både på barneskulen og ungdomsskulen.