Han var også medverkande til den franske menneskerettserklæringa i 1789 som var grunnlaget for den franske revolusjonen.

Norge var av dei første landa i verda som innførte folkesuverenitet prinsippet i vår grunnlov av 17. mai 1814.

Hans Nilsen Huge som vi feirar 250 års jubileum for dette året, var ei viktig årsak til at Norge fekk ei slik grunnlov. Både Thomas Jefferson og Hans Nilsen Hauge var sterke kristne personar.

Eg trur at begge var inspirert av Jesus sin bodskap i Mat. 20.25-28: Jesus kalla dei til seg og sa: «De veit at fyrstane over folket undertrykker dei og stormennene deira styrer med hard hand. Men slik skal det ikkje vere mellom dykk. Den som vil vere stor mellom dykk, skal vere tenaren dykkar; og den som vil vere den største av dykk, skal vere slaven dykkar. Menneskesonen er heller ikkje komen for å la seg tene, men for sjølv å tene og gi livet sitt til løysepenge for mange.» Jesus sin bodskap er at vi skal elske og tene kvarandre – ikkje herske over kvarandre. Det andre bodet i Mose-lova sei: «Du skal ikkje misbruke Guds namn» – til å herske.

I Russland blir den russisk ortodokse kyrkja misbrukt av Putin til å herske. I india vert hinduismen misbrukt. I Myanmar vert Buddha misbrukt. I dei muslimske landa vert Muhammed misbrukt. I Kina og Nord-Korea vert det ateistiske kommunistiske livssynet misbrukt.

Dei som ikkje underkastar seg «den rette læra» vert undertrykte og til dels forfylgt og drepne.

Jesus vart sjølv forfylgt, spotta, torturert og til sist krossfest, fordi han ikkje ville underkaste seg «den rette læra» til farisearane og dei skriftlærde. Jesus avslørte denne herske-vondskapen i vår menneskenatur då han døde på krossen. Men trass i det har også den kristne kyrkja misbrukt Jesus og Guds namn til å herske.

Den russisk ortodokse kyrkja er dessverre ikkje åleine. Men trass i det, er det dei landa i verda som over lang tid har blitt prega av Jesu lære som har livssynsfridom i dag.

Dei fleste landa i verda manglar livssynsfridom – ikkje minst i dei ateistiske kommunistiske landa. Kampen for ytringsfridom og demokrati er ikkje vunnen ein gong for all tid. Den må vi kjempe for heile tida!

Det var denne fridomskampen Vigra Kringkastar var ein viktig del av i 1940. Vi kjemper no for at sendar-bygget på Vigra kan brukast til «eit senter for ytringsfridom og demokrati».

I krigen i Ukraina ser vi kor viktig telekommunikasjonen er i fridomskampen og kor lett det er å misbruke den til løgnpropaganda. Lærer vi ikkje av historia, vil historia gjenta seg – som vi no dessverre ser i Ukraina!