Verdssituasjonen er utfordrande. Vi har natur- og klimakrise. Det er krig i Europa og i Midtausten. Vi får mange flyktningar til landet, økonomien vert påverka og usikkerheit rår på fleire område.

No på nyåret har Statsforvaltaren sendt ut eit brev med nasjonale forventningar til kommunane i fylket. Kommunane har høge forventningskrav både frå myndigheiter og innbyggarar.

Den demografiske situasjonen med fleire eldre og færre yngre, gjer det krevjande å innfri krava fullt ut. For å møte dei samansette utfordringane må kommunane sjå på nye arbeidsmetodar, og på bruken av tilgjengeleg kompetanse og arbeidskraft.

Korleis ser kommuneleiinga for seg å leie kommunen og innbyggarane sine gjennom tida vi står i no? Å vere bevisst dei store rammene, kan gi gode svar på prioriteringane for framtida.

Den tryggingspolitiske situasjonen har på kort tid blitt vesentleg endra. Det å bygge opp kommunane sin kriseforståing og beredskap må prioriterast.

Flyktningstraumen i Europa og Norge gir nye oppgåver og press på tenestetilboda i alle kommunar. Totalt har det kome ca. 4600 flyktningar frå Ukraina til Møre og Romsdal. Utfordringane er samansette med å finne husvære, helsetenester og skuletilbod.

Vi er imponerte over den enorme innsatsen kommunane gjer kvar dag, for å følgje anmodningane frå IMDI.

I Møre og Romsdal lyser det raudt i mange kommunar sine rekneskap og økonomiplanar. Kommunane våre har den høgste lånegjelda i landet, og er sårbare for den høge renta. Her må både posisjon og opposisjon i kommunestyret ta større ansvar. Stort bruk av disposisjonsfond og å få stor lånegjeld er ikkje oppskrifta på ein berekraftig kommuneøkonomi.

Eit betre strukturert interkommunalt samarbeid kan bidra til berekraftige velferdstenester og meir utviklingsdyktige kommunar. NIVI Analyser har kartlagt interkommunalt samarbeid i fylket. Kommunane har mykje å hente i slikt samarbeid, om dei jobbar strukturert og målretta.

Statsforvaltaren vil støtte opp omkring arbeidet med å vidareutvikle strukturerte interkommunale samarbeid også framover.

Berre i fellesskap, gjennom samarbeid, kan vi nå måla. Vi må vere opne om utfordringar, og gjere kloke val i lag.