Å engasjere fleire unge til å delta i politikk eller lokaldemokrati generelt kan vere ein utfordring og noko alle kommunar og fylkeskommunar kan dra kjennskap til.

Alle kommunar er pålagt av kommunelova til å ha et ungdomsråd der ungdommanes meiningar og perspektiva skal verte vidareformidla til politikarane. Du får du ein rolle som folkevalt, men er dette ein stilling dei tek til seg på grunn av ein interesse i politikk?

Det er viktig i ein kvar kommune at gruppene som blir sett på som «svake grupper», altså unge og eldre, også får bidra på lik linje som resten. Det at unge kan bli sett på som ei svak gruppe kan vere på grunn av dei ikkje har like lang «livserfaring» og kompetanse på lik linje som dei eldre. Dette må gjerast noko med.

Alle har rett til å få kome med sin meining utan at det skal bli sett på som skummelt, visst ikkje kan man ikkje kalle det eit lokaldemokrati når definisjonen er direkte deltaking frå lokalbefolkninga (uansett livserfaring og kompetanse) og avgjerslene som blir tatt skal vere i tråd med lokalbefolkningas ønsker og behov.

Eg har sjølv hatt ein oppgåve som omhandlar dette temaet på Høgskulen i Volda. Vi har har hatt dialog med eit ungdomsråd i nærområdet som meinte at kommunar kunne gjere ein betre jobb med å informere meir om det å bli med i eit ungdomsråd, og arrangere diverse arrangement som kan informere og engasjere på same tid.

Dei sjølve meinte at det å vere med i eit ungdomsråd er givande og det at dei kan bidra med å gjere ein forskjell. Det som blir ein gjengangar er at kommunen ofte «overser» deira sine meiningar og spelar ikkje på lag.

Det å diskutere lokalsamfunnsproblem og byggje ei aktiv stemme, skal ikkje vere sett på som skummelt berre på grunn av alderen din. Det å bidra er noko for alle, vi må spele på lag.

Det å diskutere om saker i lokalsamfunnet eller politikk generelt på skulane rundt omkring, eller berre det å ha ein diskusjon rundt middagsbordet heime kan også vere ein god start for mange.

I eit lokalsamfunn er alle innbyggjarar si meining like mykje verdt, og det å ha ein meinig er også ei meining.