Kraftmangelen i Møre og Romsdal vil gi oss trøbbel om vi ikkje vi straks tar grep. For å bruke eit billeg ordspel: Desse grepa må vere kraftfulle.

Vi må få betydeleg auke i kraftproduksjon og sørge for langt betre nettkapasitet enn vi har i dag. Dette hastar.

Passivitet og nøling vil bli hardt straffa.

Møre og Romsdal har i dag eit stort kraftunderskot. I 2022 brukte vi 5.5 TWh meir enn vi produserte innanfor fylket sine grenser. Den totale produksjonen var dette året på knappe 12,8 TWh.

Dette året var på ingen måte i ei særstilling.

Statistikken for dei ti siste åra fortel at middelproduksjonen i fylket har vore langt under forbruket kvart einaste år. Berre Oslo og Akershus er verre stilt. Vi er altså heilt avhengig av import av kraft frå andre delar av landet.

«Dette kan vi rett og slett ikke leve med».

Sitatet er henta frå eit møte mellom lokale politikarar i Møre og Romsdal og Mørebenken i 2011. Orda er tidlegare fylkesordførar Olav Bratland (H) sine. Han hevda då at det var gjort fint lite for å sikre fylket nok straum.

Dette var fire år etter at Ormen Lange-anlegget på Aukra var opna. ’

Fylket var truga av kraftkrise på grunn av sterk auke i forbruket og nedtappa magasin. Så kom lina mellom Ørskog og Fardal på plass, og «kamuflerte» alvoret.

Torsdag er fylkesordførar Anders Riise (H) vert for Mørebenken, alle ordførarane i fylket, fylkesutvalet og leiarane av dei interkommunale råda i fylket. På agendaen står det same som på møtet for over 12 år sidan.

Trass i Ørskog-Fardal-lina er nemleg situasjonen svært lik.

Ser vi bort frå vindkraftanlegget på Haramsøya har det skjedd fint lite når det gjeld ny kraftproduksjon i fylket. Forbruket har derimot auka med 2,6 TWh.

Kraftunderskotet er framleis stort og veksande. Det ligg ingen større planar om ny produksjon i køen hos NVE. Samanlikna med andre regionar er det lite engasjement i Møre og Romsdal for utbygging av ny kraft.

Vi kan i framtida ikkje stole på at naboane fiksar dette for oss. Trøndelag er på full fart mot kraftunderskot, og det grøne batteriet sør for oss, Vestland, slit også med «ladinga».

På toppen av dette slit nettselskapa med å halde tritt med å byggje ut nok kapasitet i nettet.

Vi snakkar kanskje ikkje om ei kraftkrise i tradisjonell forstand. Vi kjem framleis til å ha «lys i husan» og prisen vil neppe nå nivået frå i fjor vinter. Men utan radikalt meir intern produksjon og større tiltak i nettet, vil vi bli taparar i kampen om å bevare og skape nye arbeidsplassar.

Derfor er møtet fylkesordføraren har invitert til torsdag viktig. Endå viktigare er det som blir gjort.

Er fasiten om nye ti år at det har skjedd fint lite, er vi ille ute.