Det er mykje snakkis i media om prosessert mat og viktigheita med å få i seg sunn, god og næringsrik mat og ikkje minst 5 om dagen. Men klarer vi å følgje dette i det tempoet vi lever i dag?

Eg har vorte fortalt av mine foreldre at frukost er det viktigaste måltidet, og for å få kroppen i gong om morgonen treng den mat. Det vert og sagt at å ete sunt og variert og er i fysisk aktiv om kvardagen, reduserer risikoen for blant anna hjarte og karsjukdomar, diabetes, høgt blodtrykk, og fleire formar for kreft, beinskjørheit, tannròte, overvekt og fedme. Foreldre har ofte reist på arbeid lenge før vi ungane har stått opp. Så dei har ikkje alltid oversikt over kva vi får i oss før me går ut døra klar for ein ny skuledag. Mange skipper også frukosten for å få sove lenger om morgonen.

Det er her matboksen kjem til nytte og som sikrar at vi får i oss sunn mat. Det å ha med seg ei matboks vil gjere deg meir rusta for ein lang skuledag med læring. Det er fint og flott med kantine og klippekort, eller at mor eller far slenger til oss ein hundrings som ein kan kjøpe seg mat for. Men i dei lange løp vil ikkje dette vere bra verken for lommeboka eller for deg. Ofte vert det usunne val av mat og ein vert freista til å kjøpe «billige» varer på sal på nærbutikken like ved skulen som oftast er bollar, brus og søtsaker. Eg har mang ein gong gått i den fella sjølv.

Mange meiner matboksen er ofte tørr og traudig med brødskiver kvar dag. Men det er mykje godt du kan ha i matboksen for at den skal bli meir fargerik og smake betre. Legger du litt oppkutta frukt eller grønsaker i matpakken er det lettare å ete meir frukt og grønt. Det same gjelder visst du tar med deg litt tørka frukt, noko nøtter, bær eller kanskje eit kokt egg, eller middagsrestar? Fantasien har ingen grenser for kva du kan ha.

Så mitt tips er å bevare matboksen i skulen og vidare i arbeidslivet. Tips til alle foreldre der ute som er i tidsklemma: smør maten kvelden før ilag med ungane. Då får ein ei hyggeleg stund på kjøkkenet, ungane får vere med på å velje pålegg eller innhald i matboksen, samtidig som ein et kveldsmat. Det vil det ta deg berre 3-4 min ekstra og ein er sikra eit godt måltid på skulen. Enklare kan det ikkje verte.